E134 mellom Drammen og Karmøy er ein del av det
overordna vegnettet i Noreg, og den klart mest trafikkerte av
aust-vest sambanda. For store delar av dei som brukar vegen
er E134 i praksis einaste realistiske alternativ.
I tillegg kjem fleire viktige sidegreiner inn på E134: RV13 frå
Sandnes/Stavanger, RV9 frå Kristiansand/Setesdal, RV41 frå
Kristiansand, FV40 som krysser E134 i Kongsberg og RV35
frå Hønefoss.