4/10/2019
Foto: Geir Ufs

Vil ha raskare byggestart på Haukeli

E134 Haukelivegen inviterte nyleg til busstur langs E134, frå vest til aust. Målet er å synleggjere at det trengs framskunding av byggestart på strekninga Vågslid - Røldal.

Dagleg leiar i E134 Haukelivegen, Børge Skårdal håpar dei skal kunne starte opp med bygging av nye tunellar på Haukelifjell i 2026.

- Eg har tru på at at me skal nå det målet, seier han til Vest-Telemark blad.

Med på turen var mellom anna styret i Haukelivegen AS, lastebileigarforbundet og anna næringsliv, Vest-Telemarkrådet, ordførarar langs vegen og folk frå Statens vegvesen. Hovudføremålet med synfaringa var å køyre og sjå heile E134slik den nå er definert, og gje deltakarane felles oppdatert faktagrunnlag for vidare arbeid, skriv Vest-Telemark blad.

Sjølv om det er i gjeldande NTP berre er ført opp 300 millionar kroner til å starte på ny tunell på Haukelifjell før 2030 så er Børge Skårdal optimist.

– Eg håpar på oppstart av tunellen i 2022 eller -23. Mest sannsynleg 2023, seier Skårdal. For å kome i gang med arbeidet så fort som mogleg, har Hordaland fylkeskommune garantert for ein lånesum på 500 millionarkroner.

– E134 er den mest lønsame korridorenmellomaustogvest. Me har strategiom å få KVU av arm til Bergen, og då er det ulike vegalternativ. Og det er ynske om å realisere prosjekt som kortar ned reisetida medan ein ventar på at KVUen er ferdig. Døme er ny tunell ned mot Odda frå der ein svingar av E134, og tiltak frå Folgefonntunellen mot ferjeleiet i Jondalen, seier Skårdal.

Andre mål er mellom anna å få bygd mest mogleg ny veg på E134, til dømes mellom Notodden og Kongsberg, og få ordna smalE134iEtnekommune. – Dessmeirme får gjort,dess meir befesta vil statusen til E134bli,seier Skårdal til Vest Telemark blad.

Tilbake