12/3/2019
Foto: Samferdsledepartementet
Samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) og departementet ynskjer no innspel til ny Nasjonal transportplan 2022-2033.

Vil ha innspel til Nasjonal transportplan

Samferdsledepartementet ynskjer no innspel frå fylkeskommunane, dei største bykommunane og Sametinget til korleis Nasjonal transportplan 2022-2033 bør sjå ut.

Samferdsledepartementet vil utforme neste Nasjonal transportplan slik at den møter utfordringane og omstillingane me står framfor i framtida, heiter det i invitasjonsbrevet dei no har sendt ut til fylkeskommunane, bykommunane og Sametinget som skal kome med høyringsutspel.

Departementet legg vekt på at det er viktig med eit godt transportsystem for å skape gode bu - og arbeidsmarknadsregionar, og for å knyte produksjon av vare og tenester til marknadane. Dei viser også til at omstillinga til eit framtidig lågutslepp-samfunn krev at dette blir gjort innanfor rammene av ein forsvarleg klima - og miljøpolitikk, samstundes som ein set høgre krav til transporttryggleik. Departementet meiner også at den raske utviklinga av teknologi gir sektoren nye moglegheiter.

No vil dei gjerne høyre kva fylkeskommunane, dei største bykommunane og Sametinget ser på som dei viktigaste samferdsleutfordringane i neste transportplan-periode. Les meir om invitasjonen her. Høyringsfristen er sett til 10.mai.

Tilbake