18/9/2018

Vil ha Gvammen - Vågsli i innkorta korridor

Samferdsledepartementet og minister Ketil Solvik-Olsen går inn for ny, innkorta korridor på strekninga Gvammen - Vågsli.

Samferdsledepartementet har lagt til grunn at E134 blir prioritert som ein av hovudvegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. I det vidare arbeidet med planlegging og utvikling av E134 som aust-vest-hovudvegsamband, legg departementet til grunn at E134 på strekninga Gvammen-Vågsli blir etablert i ein ny innkorta korridor nord for dagens E134, skriv Samferdsledepartementet i eit brev til Vegdirektoratet.

- Vi viser til Statens vegvesens KVU for strekninga E134 Gvammen-Vågsli. KVUen har også vore gjennom ekstern kvalitetssikring, KS1. Det blir samstundes vist til omtale av langsiktig strategi for utvikling av hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet i Nasjonal transportplan (NTP) 2018. Prioritering av midlar til utvikling av strekninga E134 Gvammen-Vågsli vil bli vurdert nermare i arbeidet med neste NTP. heiter det i brevet.

- Før det blir sett i gang vidare planlegging etter plan-og bygningslova på E134 Gvammen-Vågsli, vil regjeringa fram mot neste NTP arbeide vidare med eit heilskapleg forslag til  ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølge for den vidare planlegginga av tiltak på E134. Vi ber om at Statens vegvesen utarbeidar eit grunnlag for eit slikt forslag i god tid før neste rullering av NTP, skriv departementet i brevet.

Dei vil og presisere at strategien for utvikling av hovudvegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet har eit langsiktig perspektiv, fram mot 2050. Den vidare planlegginga vil bli innretta med sikte på ei gradvis utvikling av vegstandarden, slår departementet fast.

Dagleg leiar i Haukelivegen, Børge Skårdal er godt nøgd.

- Det som er svært interessant i tillegg til at framtidig vegtrasé nå er vald, er referansane til E134 som hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet og at Statens vegvesen har fått eit analyseoppdrag som skal føre fram til eit av grunnlaga for rulleringa av NTP. Det vil ikkje vere slik at dette blir realisert på kort sikt og prioritering av vintersikker veg over fjellet står fast. Likevel: Regjeringa sitt vedtak peikar framover på ein svært positiv måte for E134, seier han.

Tilbake