11/2/2020
Hans Kristian Thorbjørnsen
Leiar av Transport - og kommunikasjonskomitéen, Helge Orten kjem til vegkonferansen.

Vegkonferanse med fokus på NTP

E134 Haukelivegen, Haugaland Vekst og Næringsforeningen Hauglandet arrangerer vegkonferanse for å setje søkjelys på kva som må til for å sikre ein ny og vintersikker fjellovergang mellom vest og aust.

Torsdag 13. februar blir vegkonferansen «E134 – transportkorridor øst-vest og kopling mot Vestlandet» arrangert på Tysværtunet. E134 Haukelivegen AS, Haugaland Vekst og Næringsforeningen Haugalandet ønskjer med årets vegkonferanse å fokusere på innsatsen som må til for å få gjennomført ein ny og vintersikker fjellovergang mellom vest og aust på E-134, i tillegg til den nødvendige oppgraderinga av den viktige kyststamveien på E-39 mellom Bergen og Stavanger.

Realiseringa og moderniseringa av desse viktige hovudfartsårene vil vere avgjerande for næringsutviklinga for heile vestlandsregionen frå Bergen til Stavanger.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, direktør i Nye Veier AS, Anette Aanesland og leiar av Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget, Helge Orten er blant namna som kjem til konferansen. Dei vil blant anna ta opp tema som nasjonale føringar og prioriteringar, næringslivets sine behov, prioriteringa av E134 frå fylkeskommunane til NTP og status på Rogfast-prosjektet.

Les meir om arrangementet og meld deg på her!

Tilbake