12/3/2019
Foto: Stortinget
Leiar i Transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten kjem til stormøtet.

Stormøte om samferdsleprosjekt

E134 Haukelivegen deltek i slutten av mars på stormøte om samferdsleprosjekta på Vestlandet. Målet er at ein skal fremje potensialet prosjekta har for næringslivet og samfunnet i kommunane.

Næringsforeningane på Vestlandet, Hordfast AS, Haugaland Vekst og Tysvær kommune innviterer til stormøtet om samferdsleprosjekta. Blant anna deltek vegdirektør Terje Moe Gustavsen, leiar av Stortingets Transportkomite, Helge Orten og professor Victor Normann.

– Eit viktig status - og strategimøte, seier Egil Severeide om møtet på Næringsforeningen Haugalandet sine eigne nettsider.

– Dette er ei storsamling som skal vise det nye Vestlandet. Ein skikkeleg manifestasjon av den krafta som finst i denne storregionen og som nå blir mobilisert for fullt, slår han fast.

Les meir om møtet her.

Tilbake