11/2/2020
Toyni Tobekk/Medvind24

Pål Kårbø ny dagleg leiar i E134 Haukelivegen

Tidlegare fylkesvaraordførar i Hordaland,Pål Kårbø (47) er tilsett som ny dagleg leiar i E 134 Haukelivegen AS.

Etter at ha motteke 24 søknader til stillinga vedtok styret på sitt ordinære møte 29.januar å tilsette Pål Kårbø i stillinga.

- Vi hadde mange gode søkjarar med ulik kompetanse, som ønska å arbeide for selskapet. Dette syner at E 134 over Haukeli har stor støtte, og er den føretrekte traseèn mellom aust og vest her i Sør Noreg, uttaler styreleiar Roald Aga Haug.

Pål Kårbø er utdanna siviløkonom og busett i Alver kommune. Han har 24 års erfaring frå politisk arbeid, hovudsakleg på fylkesnivået, men også frå kommunestyret i heimkommunen, og 1 periode som 1.varamedlem for Hordaland KrF på Stortinget. Kårbø sitt politiske engasjement har hovudsakleg vore innan næring og samferdsel, og han har styreerfaring frå ein rekke selskap som Bybanen AS, Sunnhordland lufthavn AS og Grieghallen AS. Kårbø har også i lange periodar vore styreleiar og arbeidane styreleiar i ulike vegselskap som t.d. Sunnhordland Bru – og tunnelselskap AS, Bømlo Vegselskap AS og Nordhordlandspakken AS.

- Eg trur styret vektla erfaringa mi både som pådrivar for fleire vegprosjekt, og som aktiv politisk deltakar i høyringsarbeidet over fleire NTP – periodar, uttalar Kårbø.

- No ser eg fram til å framsnakka og presentera dei ulike prosjekta til E 134 Haukelivegen inn mot Storting, Regjering og hjå dei ulike lokale og regionale eigarane til selskapet» seier han vidare. Selskapet har mange gode og samfunslønsame prosjekt som må vera langt framme i prioriteringane på komande NTP for 2022-33.

- Eg og resten av styret ser fram til å samarbeide med Kårbø frametter, og vårt felles mål er å scora mange gode samferdselspolitske mål i åra som kjem, avsluttar  ein nøgd styreleiar og ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug.

Tilbake