4/10/2019
Foto: Geir Ufs
Her er vegstrukturen vegselskapet Nye Veier ser for seg.

Nye Veier vil inkludere Haukeli-prosjekt

Det statlege vegselskapet Nye Veier meiner no at Haukelivegen sine prosjekt kan passe godt inn i arbeidet deira. Målet er at selskapet skal gjennomføre raskare og rimelegare bygging av store prosjekt.

I ein rapport som nyleg vart lagt fram viser Nye Veier til at dei kan ta på seg heile vegstrekninga, og kan kutte reisetida mellom Bærum og Bergen med 3,5 timar. I rapporten der dei peikar på interessante vegprosjekt peikar dei på at Aust-Vest-traseen som blir kalla Drammen - Bergen og omfattar E134 og Rv 13 er eit prosjekt som kan passe godt inn.

Nye Veier meiner ein bør bygge ein arm til Bergen frå E134, for å korte ned reisetida mellom dei to store byane, Oslo og Bergen. Regjering har framstilt eit ynskje gjennom sin Granavold-plattform om at Nye Veier får utvida sin portefølje med vegprosjekt, rapporten som vegselskapet no legg fram er eit resulat av dette, der selskapet sjølv peikar på interessante trasear, i alt 18 moglege strekningar.

- Dersom nytta og kostnadane kan aukast tilstrekkeleg, vil ein firefelts, høghastighetsveg mellom Drammen og Bergen/Haugesund bidra sterkt til betra samferdsle mellom aust og vest i Noreg. Ein firefeltsveg som fylgjer dagens E134-trasé delvis, men med betydelege innkortningar og ei fartsgrense på 110 km/t store delar av strekninga vil gi ein trasé på omlag 390 km med enireisetid under 4 timar mellom Oslo og Bergen, heiter det i rapporten.

Tilbake