17/3/2020
Foto: Toyni Tobekk
Pål Kårbø har no gjennomført sin første månad i leiarstolen i Haukelivegen, no viser han til at fokus ligg på NTP-prosessane.

NTP-fokus i Haukelivegen

Pål Kårbø er no godt i gang med leiarjobben i E134 Haukelivegen. Framover blir det viktig å følgje opp NTP-prosessane i eigarfylka, slår han fast.



-Til no har mykje av tida gått med til å lære meg om selskapet, og å følgje opp innspelsmøte i Vestland fylkeskommune og  Rogaland fylkeskommune. I forrige veke hadde me også gode møter med ulike stortingsrepresentanter i Oslo, samt at me møte statssekretær Ingelin Noresjø i Samferdsledepartementet, fortel Pål etter vel ein månad i leiarstolen. Han meiner jobben med å løfte fram viktige prosjekt langs heile E134 er særs givande.

Han viser til at han og tidlegare leiar Børge Skårdal, som arbeider ut mars, samarbeider godt og legg vekt på kor viktig det blir framover å lære meir om prosjekta i Vestfolkd og Telemark, i tillegg til å opparbeide kontakt med Viken. I dei neste vekene blir det både innspelsmøte med Vestfold og Telemark fylkeskommune, samt frukostmøte med næringslivet i Asker Næringsforening 26.mars der temaet mellom anna blir Oslofjordtunnelen. Høyringsfristane i dei ulike fylka for NTP-prosessane blir også sentrale datoar. I Rogaland er fristen for å kome med innspel 11. mars, Vestfold og Telemark 23. mars og Vestland 3. april.


-No håpar eg folk er flinke til å spele inn aktuelle problemstillingar og nettverk me bør jobbe tett opp mot, fortel Pål Kårbø.

Tilbake