16/6/2020

Mange nye styremedlemer etter GF i Vinje 4.juni

Stort oppmøte på selskapet si generalforsamling. Roald Aga Haug fekk attval som styreleiar for 2 nye år, medan Edvard Mæland vart valgt til ny nestleiar

Selskapet heldt ordinær generalforsamling i Vinje 4.juni. Det var høg andel av aksjonærar som var tilstaden anten fysisk eller på Teams.

Sidan dette er første året i ein ny politisk valperiode vart det stor utskifting i styret.

Det nye styret er samansett slik:

Roald Aga Haug, Ullensvang kommune (attval)

Trine Meling Stokland, Haugesund kommune (NY)

Edvard Mæland, Vestfold og Telemark FK (NY)

Arve Helle, Vestland FK (NY)

Ruth Grete Ø. Eriksen, Sveio kommune (NY)

Arne Bergsvåg, Rogaland FK (attval)

Bengt Halvard Odden, Hjartdal kommune (NY)

Jon Rikard Kleven, Vinje kommune (NY)

Lene Conradi, Asker kommune (NY)

Hilde Thorud, næringslivet (attval)

Tilbake