12/12/2019

Ledig stilling: dagleg leiar i E134 Haukelivegen

E134 Haukelivegen søkjer no ny dagleg leiar. Ynskjer du å styrke arbeidet med å fronte E134 som den føretrekte aust-vestkorridoren? Søknadsfristen er 6.januar

Som dagleg leiar har du genuin interesse forveg/infrastruktur og evner å arbeide godt for å oppfylle styret sine målsettingar for utvikling av E 134 som den føretrekte aust-vestkorridoren.

Søknadsfrist:06.01.2020
Arbeidsgiver:E134 Haukelivegen AS
Sted:Vinje
Stillingstittel:Dagleg leiar
Heltid / Deltid:Heltid
Ansettelse: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID:4168556578
Stillinger:1

Arbeidsoppgaver: Leggje til rette for at selskapet i størst mogleg grad evner å nå vedtekne målsetjingar i aktivt samspel mellom medeigarane og aktuelle eksterne samarbeidspartar.
Kontakt med politisk og administrativ leiing lokalt, regionalt og nasjonalt med m.a. koordinering av ulike interesser.
Samarbeid med fagmyndigheiter
Vere til stades på nødvendige møte i sør-Noreg
Sakshandsaming
Sekretær for styret
Påverknadsarbeid
Marknadsføre og representere selskapet på ein god måte

Kvalifikasjoner
Kompetanse på samferdsel, anten som påverkar i næringssamanheng, politisk samanheng eller fagleg samanheng
Genuin interesse for veg/infrastruktur
Erfaring frå/evne til godt påverknadsarbeid bl.a. overfor stat og fylke
Strategiske evner
Ha eller evne å etablere viktige kontaktnett
Erfaring frå politisk arbeid eller erfaring frå å jobbe opp mot politisk nivå med forståing for politiske prosessar
Styreerfaring
Erfaring med mediehandtering og bruk av sosiale medier

Personlige egenskaper
Evne til relasjonsbygging og samhandling
Utadvendt, omgjengeleg, lyttande og tillitsskapande
Gode kommunikasjonsevner
Strategisk, målretta og strukturert
Tydeleg, handlekraftig og resultatorientert
Fleksibel
Tålmodig


Vi tilbyr
Ei spanande leiarstilling
Fleksibel kontorstad
God pensjonsordning
Løn og arbeidsvilkår etter nærare avtale
Fram til søknadsfrist vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden – jfr. offentleglova §25. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Roald Aga Haug, tlf. 975 58 400 eller vår rådgjevar i Skagerak Consulting Jan Sebjørnsen Storstein, tlf. 950 09 444.Søknadsfrist: 6. januar 2020

Søk på stillinga her

Tilbake