Andre aktuelle tema under konferansen er effektiv gjennomføring av prosjektet Saggrenda - Gvammen og kva rolle E 134 speler som nasjonal aust - vest - korridor.
Dagleg leiar i E134 Haukelivegen, Børge Skårdal bidreg under konferansen med ei utgreeing om aust - vest-kontakten. I programmet finn ein mange spanande føredragshaldarar, blant anna ordøfrar i Kongsberg kommune, Kari Anne Sand og Jan Fredrik Lund frå Samferdsledepartementet som skal snakke om status på NTP-prosessen.
Jon Herman Ulvensøen frå USN Partnerskap tar for seg autonome system i transportbransjen, og Olav Madland snakker om autonomi i praksis. Fylkesordførar i Buskerud fylkeskommune, Roger Ryberg vil fortelje om fylkeskommunen si rolle i samferdsleprosjekta langs E134, medan ordførar i Hjartal kommune tar opp kommunen si tilrettarrolle for næringslivet og innbyggarane.