17/12/2018
Illustrasjonskart: Statens vegvesen

Neppe ny veg utan bompengar

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen meiner bestemt at både Etne og Vindafjord må vere innstilt på ein viss bruk av bompengar for å kunne realisere Bakka-Solheim som ein del av E134.

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen meiner bestemt at både Etne og Vindafjord må vere innstilt på ein viss bruk av bompengar for å kunne realisere Bakka - Solheim som ein del av E134.

— Det er nå det gjeld å stå på om ein ønskjer å få Bakka — Solheim inn NTP. Men vilkåret er å akseptere bompengar som ein del av finansieringa, sa Børge Skårdal, dagleg leiar i Haukelivegen AS, til Grannar.

Bakka - Solheim vart ikkje nemd i sist runde med NTP-arbeid, og kommunane har arbeidd hardt med å få prosjektet på plass. Vegen Bakka - Solheim skal etter planen bli fire mil lang og koste omlag fire milliardar.

— Dette vil handle om å prøve å legge opp eit prosjekt som kan få nok statlege pengar, og med ein bompengedel som ikkje er høgare enn at det er mogeleg å gjennomføre, uttalte Børge Skårdal til Grannar.

Skårdal seier det er vanskeleg å spå kva bompenge-satsen i eit slikt prosjekt vil bli, men peikar på at normalen ligg på rundt tre kroner per kilometer veg. Bakka — Solheim er eit av fleire prosjekt langs E134 som samla skal redusere køyretida frå Haugesund til Oslo med éin time og 50 minuttar, står det i lokalavisa Grannar.

For tida er det fleire prosjekt langs E134 under utbygging, til ein samla kostnad på omlag 7 milliardar. Nokre av desse prosjekta er ny E134 gjennom Kongsberg, Århus - Gvammen og Haugalandspakken som skal vere ferdig i 2023.

Det er venta at kommunestyra vil få spørsmålet om seie ja eller nei til eit prinsippvedtak om bompengar på E134 i mars.

Statens vegvesen legg fram si faglege anbefaling til ny transportplan i desember 2019. Høyringsfristen for ny NTP vil vere i april 2020, skriv Grannar.

Les heile saka her.

Les om prosjektet hjå Statens vegvesen

Tilbake