19/12/2019

Julehelsing frå Haukelivegen

Vi girer litt ned nokre dagar, og ønsker alle samarbeidspartnarar god jul og godt nytt år.

I dag sørger samferdselsminister Jon Georg Dale for opning av Mælefjell-tunnelen mellom Seljord og Hjartdal i Telemark. Med det blir den viktigaste aust-vestkorridoren litt tryggare, ein del raskare og meir miljøvennleg. Når også ny veg gjennom Kongsberg opnar til sommaren, vil vi spare ein halvtime og meir i kjøretid aust-vest og mykje spart CO2-utslepp.

Neste fase i utbygginga av E134 er ny veg over fjellet. Dette er vår hovudprioritet for arbeidet nå. Den uttalte målsetjinga er at Stortinget skal godkjenne første byggetrinn (Seljestad-Liamyrane) i vårsesjonen 2021 og at også neste byggetrinn må startast opp i første seksårs-periode av komande NTP. Dette er ei krevjande målsetjing.

Jul og nytt årsskifte er like rundt neste sving. Vi girer litt ned nokre dagar og «skundar oss og tar det litt med ro» før ny arbeidsøkt. E134 Haukelivegen AS sender takk til alle for hjelp og godt samarbeid med ei lita julesalme frå Vinje kyrkje.

Tilbake