- Vi er svært godt nøgde med konferansen. Det var mange interessante og aktuelle innlegg, fortel dagleg leiar i Haukelivegen, Børge Skårdal. Konferansen blei leia av Annette Finnerud, dagleg leiar i Kongsbergregionen.
Omlag 100 personar fekk med seg innlegg om NTP, teknologi og politikk. Kari Anne Sand som er regionrådsleiar og ordførar i Kongsberg ynskte velkommen. Deretter blei sjølve konferansen opna av Hans Petter Blokkum frå Kongsbergruppen. Statsekretær Tommye Skjervold og prosjektleiar Jan Fredrik Lund hadde og interessante innspel.