E134 mellom Drammen og Karmøy er ein del av det
overordna vegnettet i Noreg, og den klart mest trafikkerte av
aust-vest sambanda. For store delar av dei som brukar vegen
er E134 i praksis einaste realistiske alternativ.
I tillegg kjem fleire viktige sidegreiner inn på E134: RV 13 Oddadalen, RV13 frå
Sandnes/Stavanger, RV9 frå Kristiansand/Setesdal, RV41 frå
Kristiansand, FV40 som krysser E134 i Kongsberg og RV35
frå Hønefoss.
E134 blir brukt av ei stor befolkning På Sør-Vestlandet (Stavanger - Bergen) er det eit folketal på
om lag 800.000 og rundt Oslofjorden ca 1.800.000.
Mellom desse bur ca 80.000 i influensområdet langs E134.
E134 er ein svært viktig nasjonal transportkorridor Vegen bind saman naturlege arbeids-, bustads- og
serviceregionar som søndre del av Vestland fylke, Haugalandet, Vest-Telemark,
Notodden, Kongsberg og Drammen